Trønderenergi Nett fekk 250.000 i gebyr for brot på energilova

Selskapet Trønderenergi Nett er pålagt eit gebyr av NVE på 250.000 kroner. Årsaka er brot på energilova i samband med bygging av ein kraftleidning.
innenriks

Selskapet hadde anleggskonsesjon til å bygge ei rundt 42 kilometer lang kraftleidning frå Hitra til Snillfjord. Men under ein inspeksjon i juni i fjor oppdaga Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) at delstrekningen Aunøya til Hemnskjel var bygd utan godkjenning.

– Det er alvorleg at ein konsesjonær byggjer ein kraftleidning utan at det finst ein godkjent miljø-, transport- og anleggsplan. I dette tilfellet var brotet ei gjentaking av eit tilsvarande forhold på ein annan delstrekning få år tidlegare, seier seksjonssjef Øyvind Leirset for miljøtilsyn av energianlegg.

I ein godkjent plan skal byggherre gjere greie for korleis kraftleidningen skal byggjast innanfor konsesjonsrammene, og planen skal vere godkjent av NVE før bygginga blir sett i gang.

NVE trekker fram at arbeidet vart utført i eit område rikt på kulturminne og at det rørte eit statleg sikra friluftsområde.

Energiselskapet har tre veker på seg til å klage inn vedtaket til Olje- og energidepartementet.

(©NPK)