Uønskt pukkellaks er tilbake i Troms

Denne sommaren er det tatt pukkellaks fleire stader i Troms. Arten er uønskt i Noreg.
innenriks

Sommaren 2017 dukka den ubedne gjesten opp i elvar langs heile Norskekysten, skriv Nordlys. Fisken har ein toårig livssyklus, og forskarane har bedt sportsfiskarar seie frå om dei får han på kroken.

Odd-Helge Utby leier fellesforvaltninga for Målselvvassdraget og er ein av dei som ikkje vil ha besøk av laksevarianten som eigentleg høyrer heime nord i Stillehavet.

– Dette er ein fullstendig uønskt art, og ikkje noko vi vil ha i elva, seier han.

– Viss det går pukkellaks i nedre del av vassdraget, fryktar vi at den vil grave opp gyteplassane til sjøauren og ete rogna. Det er svært lite ønskeleg.

Dersom det blir mykje pukkellaks i Noreg i sommar, kan han dukke opp igjen også i 2021, seier Henrik H. Berntsen ved Norsk institutt for naturforsking (NINA).

(©NPK)