Per Sandberg hintar om overgang til eit nytt parti

Per Sandberg kjem med antydningar om at han kan byte parti før valet i 2021. Han åtvarar mot veksande nasjonalistiske straumar i Framstegspartiet.
innenriks

Tidlegare i veka varsla Sandberg «eit brutalt, politisk comeback på eitt eller anna tidspunkt». I eit lengre intervju med Klassekampen seier han at det ikkje treng å bli «i morgon, om to månader, eller til neste år». Han antydar òg at han kan ende opp i eit nytt parti før stortingsvalet om drygt to år.

– Eg er rimeleg sikker på at det kjem eit parti som klatrar nærare fire prosent i 2021, seier Sandberg og svarer «det kan vere» på spørsmål om han vil ha ei sentral rolle i det partiet. Han vil ikkje gi noko konkret svar på om partiet han viser til allereie finst og har eit namn.

– Det kan vere. Eg held korta tett inntil brystet.

Sandberg seier hjartet hans ligg i Framstegspartiet, men at han vil sjå kor han blir tatt imot. Han minner om at Frp er eit liberalistisk parti, men meiner partiet er på veg bort frå dei ideologiske røtene sine. I samband med dette peikar han på nasjonalistiske straumar i partiet.

– Dei er enorme, og dei blir større og større, seier Sandberg. Han er òg bekymra over dårleg oppslutning i byane.

– Frp, særleg i Oslo, står fram som fordomsfulle, kalde og «nei til alt», seier Sandberg. Han meiner partiet dermed ikkje når ut til yngre og fordomsfrie veljarar.

(©NPK)