Maskerte personar tok seg inn på området for vindkraftutbygging på Frøya

Personar med finlandshetter har fleire gonger tatt seg inn i området for den omstridde vindkraftutbygginga på Frøya.
innenriks

– Det er skremmande med maskerte personar. Dette er ikkje gutestrekar, men verkar som godt koordinerte og planlagde aksjonar, seier konserndirektør Stig Tore Laugen for kommunikasjon og samfunnsansvar i Trønderenergi til NRK.

Førre laurdag tok fire personar seg inn i området på Frøya i Trøndelag der Trønderenergi bygger vindturbinar.

Ifølgje NRK verkar det som om målet har vore å dekke overvakingskameraa med søppelsekkar. Det skal dei siste vekene har vore fleire slike episodar, som har vorte meldt.

– For det første er det ikkje lov å ta seg inn i anleggsområdet. For det andre skaper det frykt at dei er maskerte, seier Laugen og legg til at stopp i anleggsarbeidet som følgje av dette har kosta dei fleire millionar kroner.

Utbygginga på Frøya har vore svært omstridd i mange år.

(©NPK)