Litt svakare resultat for Storebrand

Storebrand OS hadde eit resultat før skatt på 464 millionar kroner i årets andre kvartal, ned frå 714 millionar kroner i same periode i fjor.
innenriks

Konsernsjef Odd Arild Grefstad kallar det underliggjande driftsresultatet som tilfredsstillande. Samtidig trekker selskapet fram at resultatet er prega av mellom anna omstillingskostnader.

– Salet er godt, og vi har vunne mange nye kundar i både Noreg og Sverige som vi ser fram til å ønske velkommen i andre halvår, seier konsernsjefen.

(©NPK)