Kygo hadde nesten ein kvart milliard i inntekter i fjor

Norske Kygo sette ny turnérekord med 87 konsertar i fjor. Det bidrog til inntekter på nesten ein kvart milliard kroner og eit overskot på 90 millionar.
innenriks

Kyrre Gørvell-Dahll frå Fana, betre kjent som Kygo, har vorte ein av dei største artistane og produsentane i verda og kan sjå tilbake på eit økonomisk gullkanta 2018, skriv Dagens Næringsliv.

87 konsertar i 31 land gav inntekter på 181 millionar kroner. I tillegg kjem rundt 63 millionar i andre inntekter i Kygo-konsernet. Selskapet som er bygd opp rundt artisten, fekk dermed samla inntekter på 244 millionar kroner og eit overskot før skatt på 90 millionar. Når staten har fått sitt, sit konsernet igjen med drygt 69 millionar kroner.

– Det er veldig gode tal. Vi hadde aldri trudd at det skulle gå slik, så vi er veldig godt fornøgd, seier stefar Jan Bjordal, som saman med mor og styreleiar Kjersti Gjerde styrer konsernet.

Etter eit svært hektisk konsertår i fjor, blir den delen av verksemda trappa litt ned i 2019. I snitt ligg det an til å bli éin konsert i veka eller totalt 53 konsertar gjennom året.

(©NPK)