Kværner-leiinga tilfreds med resultatet i andre kvartal

Kværner held oppe målsettinga om å auke omsetninga med rundt 40 prosent frå 2018 til 2023 etter eit godt andrekvartal.
innenriks

Driftsresultatet var på 132 millionar kroner i andre kvartal samanlikna med 118 millionar kroner i same kvartal i fjor.

– Med solide resultat og fleire kontraktsmoglegheiter held Kværner målet vedlag om å auke årsomsetninga med rundt 40 prosent frå 2018 til 2023, heiter det i ei børsmelding fredag morgon.

– Vi er tilfreds med at vi for 33. kvartal på rad leverer eit resultat i tråd med det vi har førespegla marknaden. Vi held oppe forventningane til 2019, med inntekter for året på over 8 milliardar kroner. Vi held òg fast på målet vårt om å auke omsetninga til over 10 milliardar kroner innan 2023, frå drygt 7 milliardar i 2018, seier konsernsjef Karl-Petter Løken.

Omsetning og driftsresultat i første halvår var 4.067 millionar kroner og 269 millionar kroner, mot 3.789 millionar kroner og 323 millionar kroner i same periode i 2018.

Kværner har ingen renteberande gjeld per 30. juni 2019. Kontantar og bankinnskot ved utgangen av kvartalet var over 2,7 milliardar kroner, mot 3 milliardar kroner på same tid i 2018. Ved utgangen av kvartalet har selskapet ein ordrereserve på ni milliardar kroner. For eitt år sidan var ordreboka på 11,2 milliardar kroner.

(©NPK)