Stor lakserømming i Tosenfjorden i Nordland

Meir enn 49.000 laksar har rømt frå eit anlegg i Tosenfjorden i Bindal kommune i Nordland. Så langt er det rapportert om at 418 fisk er fanga inn igjen.
innenriks

Oppdrettslaksen stammar frå anlegget til Sinkaberg-Hansen AS i Oksbåsen, opplyser Fiskeridirektoratet.

Melding om rømminga kom måndag morgon, og tysdag vart det gjennomført tilsyn ved anlegget. Oppdrettsselskapet er no pålagt å drive gjenfangst av fisken utanfor dei påkravde 500 meterane frå anlegget, og det er sett i verk gjenfangst i sjøen og i vassdrag i regionen.

Den aktuelle fisken har ei snittvekt på rundt 2,6 kilo.

(©NPK)