Stortingspolitikarane nærmar seg millionlønn

Berre SV og Raudt protesterer når stortingspolitikarane torsdag løyver seg sjølv 3,2 prosent lønnsvekst. – Lønna er for høg, meiner Raudt-leiar Bjørnar Moxnes.
innenriks

I innstillinga frå presidentskapet som blir vedtatt, blir det slått fast at stortingsrepresentantane får 987.997 kroner i årslønn, med verknad frå 1. mai i år.

Regjeringsmedlemmer får 1.410.073, medan statsministeren kan sjå fram til 1.735.682 kroner i årslønn.

Moxnes peikar på at dei fremste folkevalde neste åra våre vil passere millionen i årslønn.

– Vi synest lønna er for høg når ein ser kva folk flest i landet vårt tener. Vi vil derfor kutte stortingslønna, ikkje auke han, sa Moxnes i stortingsdebatten torsdag.

Raudt vil ha lønna ned til knapt 800.000 kroner, som svarer til 8 G, og binde godtgjersla til grunnbeløpet i folketrygda.

– Det er ikkje vanlege folk, trygda og pensjonistar som skal måtte moderere seg. No er det politikarane sin tur, sa SVs Freddy André Øvstegård.

Innstillinga til lønnskommisjonen set ein årslønnsvekst i 2019 for stortingsrepresentantane og medlemmene til regjeringa på 3,2 prosent.

– Utviklinga for stortingsrepresentantar og godtgjersla til regjeringsmedlemmer har vore i tråd med den alminnelege lønnsutviklinga hos heiltidstilsette lønnsmottakarar, sa stortingspresident Tone W. Trøen (H).

– Lønnskommisjonen har i realiteten følgt frontfaget, sa Frps Carl I. Hagen.

Han oppfordra SV og Raudts representantar til å sende brev til presidentskapet der dei seier frå seg lønnsauken, sidan dei er imot han.

Utviklinga dei siste åra betyr at lønna for stortingsrepresentantar har auka med over 200.000 kroner sidan 1. januar 2012.

(©NPK)