Noreg best på trafikktryggleik i Europa for fjerde år på rad

Sidan 2010 er talet på omkomne på norske vegar halvert, medan EU-snittet har ein reduksjon på 20 prosent. Det gjer Noreg til landet med dei sikraste vegane.
innenriks

I 2018 omkom 25.047 menneske på europeiske vegar, som er ein reduksjon på berre 1 prosent samanlikna med året før. Dermed har EU måtta flytte målet sitt – som var ein halvering frå 2010 til 2020 – til 2030.

No ser EU og europeiske styresmakter til Noreg for å lære om trafikktryggleik.

– Dette er sjølvsagt gledeleg og inspirerande. Resultata er ingen sjølvfølgje, men kjem av eit målretta og systematisk arbeid over tid. Dette er inga kvilepute for oss. Vi har tøffe mål og vi vil heile tida jage på. Ein drepen eller skadd i trafikken er éin for mange, seier konstituert vegdirektør Bjørne Grimsrud.

Både med tanke på talet på innbyggarar og talet på køyrde kilometer toppar Noreg dei europeiske listene frå European Traffic Safety Council (ETSC).

Målt som omkomne per million innbyggarar ligg Noreg på 20 omkomne i 2018. Bak Noreg følgjer Sveits med 27, Storbritannia med 28 og Irland og Danmark med 30 omkomne per million innbyggarar.

Høgast på lista ligg Romania med 96 omkomne per million innbyggarar, følgt av Bulgaria (87), Serbia (78) og Kroatia (77). Til samanlikning er gjennomsnittet i EU 49 omkomne per million innbyggarar.

Totalt omkom 108 personar i trafikken i Noreg i 2018, noko som altså utgjer 20 omkomne per 1 million innbyggarar.

(©NPK)