Straffelovråd skal vurdere gjengstraff

Straffelovrådet skal reetablerast etter mange år i dvale. Det første oppdraget til rådet blir å vurdere straff for gjengdeltaking.
innenriks

Justis- og innvandringsminister Jøran Kallmyr (Frp) seier at samfunnsutviklinga og endringar i kriminalitetsbildet kan tilseie at det bør gjerast endringar i straffelovgivinga.

– For å sikre at lovgivinga held høg kvalitet, meiner eg at det framleis er behov for eit eksternt, permanent ekspertorgan som kan hjelpe departementet med å greie ut og legge fram forslag til endringar, seier Kallmyr i ei pressemelding.

Rådet skal legge fram og greie ut forslag om endringar i straffelovgivinga på oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet. Rådet består av fire faste medlemmer og skal leiast av professor i rettsvitskap Linda Gröning ved Universitetet i Bergen.

Som første oppdrag vil rådet bli bedt om å vurdere om det er grunn til å foreslå ei lov som rammar deltaking i og rekruttering til kriminelle gjengar og organisasjonar. Rådet vil òg bli bedt om å vurdere endringar i reglane om inndraging om straffbar utbytte.

Det førre Straffelovrådet vart oppretta i 1947, men har sidan år 2000 ikkje fått nye oppdrag.

(©NPK)