VG: Anne-Elisabeth Hagens mobil funne kort tid etter forsvinninga

Politiet har kort tid etter at Anne-Elisabeth Hagen forsvann 31. oktober, hatt kontroll på mobiltelefonen hennar, skriv VG.
innenriks

Politiinspektør Tommy Brøske i Aust politidistrikt seier til avisa at den fysiske mobilen blir vurdert som eit potensielt bevis.

– Det er derfor gjort ulike undersøkingar knytt opp til telefonen, utan at vi ønsker å gå i ytterlegare detaljar om kva for type undersøkingar eller kva for funn som eventuelt er gjort, seier han til avisa.

31. oktober i fjor forsvann 68-åringen frå einebustaden på Fjellhamar der ho budde saman med ektemannen sin Tom Hagen – ein av Noregs rikaste personar. Siste sikre livsteikn frå Hagen er ein telefonsamtale til eit familiemedlem klokka 9.14 den morgonen.

Politiet ønsker ikkje å seie kven det var som fann telefonen.

VG opplyser at avisa har kjent til mobilfunnet i fleire månader, men at politiet fleire gonger har oppfordra til ikkje å omtale det av omsyn til den pågåande etterforskinga. No meiner likevel politiet at omtale av mobilfunnet ikkje lenger kan skade etterforskinga.

(©NPK)