Talet på togreiser i Noreg aukar framleis

Togtrafikken i Noreg auka med 5,6 prosent dei fire første månadene i år, samanlikna med same periode i fjor. Lokalreisene på Austlandet auka med 4 prosent.
innenriks

Det vart i alt gjort over 24 millionar togreiser med Vy frå januar til og med april i år, skriv konsernet i ei pressemelding.

Vidare vart 14,5 millionar av togreisene gjort med lokaltoga på Austlandet. Det er ein vekst på 4 prosent samanlikna med same periode i 2018.

Gjøvikbanen har òg passasjervekst og hadde over 750.000 reiser i perioden.

Samtidig er den kraftige reiseveksten på nærare 30 prosent sidan 2013 ei utfordring for kapasiteten på jernbana.

– Spesielt har det vore stor vekst på Austlandet. Endringa av komfort-tilbodet for regiontoga på Austlandet er derfor eitt tiltak for å ha plass til flest mogleg reisande på kort sikt. Utviding av rushperioden er òg eit tiltak med same målsetting, seier konserndirektør for tog i Vy, Arne Fosen.

(©NPK)