Små endringar i responstida til politiet

Politiet innfrir krava til responstid i éin av tre kategoriar. Det viser tal frå Politidirektoratet, som har gjennomgått 6.737 hasteoppdrag.
innenriks

Responstid er tida det tar frå operasjonssentralen får melding om ei hending til politiet er på staden. Det blir berre stilt krav til responstid ved ekstraordinære hendingar som til dømes situasjonar der liv er trua.

Responstida er i liten grad endra frå 1. tertial 2018 til 1. tertial 2019. Det er ein auke på rundt to minutt for område med færre enn 2.000 innbyggarar, der det ideelle responskravet er 16 minutt, medan det er ei betring på litt over eitt minutt for område mellom 2.000-19.999 innbyggarar, der kravet er ti minutt. For område med fleire enn 20.000 innbyggarar er kravet sju minutt, medan resultatet har vore åtte minutt.

– Politiet skal komme raskt når det trengst. Vi ser at resultata for responstid er stabile frå år til år, men vi jobbar målretta med å innfri krava som er sette, seier avdelingsdirektør for beredskap i Politidirektoratet Knut Smedsrud.

Kravet frå Politidirektoratet er at politiet skal fylle responskravet til hasteoppdrag i 80 prosent av tilfella, og då viser tala at politiet er eitt minutt seinare i område der det er mindre enn 2.000 innbyggarar og der det er over 20.000 innbyggarar. I område med mellom 2.000 og 19.999 innbyggarar innfrir politiet kravet om å vere til stades innan 19 minutt.

Krava som er omtalte her er dei nasjonale krava. I tillegg har kvart av dei 12 politidistrikta i landet eigne krav til responstid. Her varierer resultata noko.

– Politidirektoratet har dialog med politidistrikta som jobbar aktivt med tiltak for å nå krava som er sette, seier Smedsrud.

(©NPK)