Politiet med unnskyldning til homofile

Norsk politi ber homofile om unnskyldning for den uretten og trakasseringa mange har vorte utsette for – og for frykta politiet var med på å skape.
innenriks

Unnskyldninga kjem i samband med eit Pride-seminar fredag, på opningsdagen av Prideveka.

– Politiet har sidan slutten av april i år planlagt ei samling for polititilsette, politistudentar og inviterte gjester, der vi ønsker å be homofile om unnskyldning for den uretten og trakasseringa mange vart utsette for, og for den frykta politiet var med på å skape og bygge opp under, heiter det i ei pressemelding.

Under arrangementet på politihuset i Oslo fredag held forfattar og aktivist Karen-Christine «Kim» Friele foredrag. I tillegg blir det innlegg frå blant andre avdelingsdirektør Kristin Kvigne i Politidirektoratet og konstituert politimeister Bjørn Vandvik i Oslo politidistrikt.

– Politiet vil under opninga anerkjenne at det har vorte gjort feil gjennom historia, at vi er eit anna politi i dag og at vi har mange læringspunkt. Læringa er spesielt knytt opp mot transpersonar og LHBTQI-menneske som har med seg andre kulturar enn den norske. Begge desse gruppene er utsette for hatkriminalitet, skriv Oslo politidistrikt.

Under Oslo Pride skal politiet vere synlege, og dei deltar med stand i Pride park frå 19. til 22. juni. I tillegg deltar politiet i paraden under parolen «Eitt politi – for alle».

(©NPK)