Oslo Børs kraftig ned

Hovudindeksen på Oslo Børs er ned 1,74 prosent til 859,03 poeng onsdag ettermiddag. Indeksen er tyngd av svekt oljepris.
innenriks

Nedgangen kjem av fall i oljeprisen på meir enn 2 prosent, og at USAs administrasjon for informasjon om energi (EIA) har kutta oljeprisanslaga sine for 2019, ifølgje Reuters.

EIA ventar no ein pris på 52,29 dollar per fat amerikansk lettolje (WTI) mot tidlegare 62,79 dollar.

På Oslo Børs har Aker BP i dag falle med -4,70 prosent og Equinor har falle med -1,95 prosent.

Hydrogenselskapet Nel, som har hatt nokre negative dagar på børsen etter hydrogeneksplosjonen i Sandvika måndag, heldt fram å falle onsdag med -10,24 prosent.

Oslo Børs følgjer ein internasjonal trend onsdag. Asia-børsane har gått ned, amerikanske børsar fell frå start, og det har vore mindre handel på dei fleste andre globale marknadar.

(©NPK)