Medietilsynet: – NRK oppfylte allmennkringkastarrolla i fjor

Medietilsynet konkluderer med at NRK i fjor leverte eit tilbod som oppfyller samfunnsoppdraget til kanalen som allmennkringkastar, men gir kanalen språkkritikk.
innenriks

NRK klarte nemleg heller ikkje 2018 å gi nok programtilbod til barn og unge på samisk og nynorsk og dermed bryt kanalen to av pliktene sine.

Det er tredje året på rad at NRK ikkje oppfyller kravet om å sende tilstrekkeleg grad av eigne produksjonar for unge som snakkar samisk.

– Vi ser likevel ei positiv utvikling, og frå andre halvår 2018 hadde NRK Sápmi fått på plass faste program for ungdom på samisk. Medietilsynet legg derfor til grunn at dette kravet blir oppfylt i år, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.

NRK klarte heller ikkje å oppfylle kravet om 25 prosent nynorsk på radio, TV og nett i 2018, noko kanalen har slite med i mange år. Bruken av nynorsk på radio og TV auka i 2018, medan nynorskdelen på nett dei siste åra har lege på rundt 16 prosent.

– Det er bra at nynorskbruken har auka på radio og TV, men NRK må styrke innsatsen på nett for å nå kravet om 25 prosent, seier Velsand.

Eitt av krava NRK oppfylte i fjor var å spele minst 40 prosent norsk musikk.

(©NPK)