Evaluering av Viking Sky-aksjon: – Svært god

Aktørane som samarbeidde om redningsaksjonen på land etter Viking Sky-havariet i mars, har evaluert seg sjølv. Dei konkluderer med at aksjonen var vellykka.
innenriks

– Samarbeidet fungerte svært godt desse to dagane 23. og 24. mars. Det har vorte understreka av alle etatar, både profesjonelle og frivillige, sa visepolitimeister Ingmar Farstad i Møre og Romsdal politidistrikt då konklusjonen vart lagt fram onsdag.

Alle aktørane som deltok i den landbaserte delen av redningsaksjonen, har bidratt til evalueringa, men den omfattar altså ikkje det som skjedde ute på havet.

– Mange brukte uttrykket «ressursane som fann kvarandre». Det var svært gledeleg å få slike bodskapar, seier Farstad.

Betringspunkt

Han understrekar likevel at føremålet med ei evaluering er å bli betre og nemnde at dei har funne enkelte betringspunkt.

– Ingen av desse punkta hadde endra noko på utfallet av aksjonen vi hadde, understreka han.

Dette er likevel kva dei kom fram til at kan bli betre:

* Betre rutinar for føring og ajourføring av evakuertlister. Dette vart utført manuelt, men var tungvint. Ei digital løysing blir nemnd som eit betre alternativ.

* Det burde ha vorte oppretta eit pressesenter. Både for å gi betre informasjon ut i samfunnet, og for å avlaste innsatsleiaren.

Evalueringa vart gjennomført av Møre og Romsdal politidistrikt i samarbeid med Fræna kommune og dei andre aktørane.

Dramatisk

Viking Sky, som var nær ved å forulykke etter motorhavariet på havstrekninga Hustadvika i Møre og Romsdal i mars i år.

Skipet, som var på veg frå Tromsø til Stavanger, fekk store motorproblem, og det var dårleg vêr i området. På det næraste låg skipet 1,5 kilometer frå fastlandet i farleg grunt farvatn. På eit tidspunkt var skipet berre 100 meter frå å grunnstøyte. Video frå passasjerar om bord viser stor dramatikk, kraftige bølgjer, lause møblar og takplater.

479 passasjerar vart evakuerte til eit senter som vart oppretta i Brynhallen i Fræna.

(©NPK)