Åtte personar skadde i trafikkulykke på Strynefjellet

Tre personar er flogne til sjukehus som følgje av ei trafikkulykke på Strynefjellet i Oppland. Ein av dei er kritisk skadd. Ytterlegare fem personar er skadde.
innenriks

Dei fem blir frakta med ambulanse til Lillehammer sjukehus, medan dei andre tre er flogne til St. Olavs hospital i Trondheim i luftambulanse.

Ulykka skjedde på riksveg 15. To personbilar kolliderte, truleg som følgje av at den eine bilen kom over i feil køyrefelt.

Alle dei åtte involverte personane er vaksne, opplyser operasjonsleiar Kjartan Waage i Innlandet politidistrikt til NTB.

Nødetatar frå både Møre og Romsdal og Innlandet politidistrikt rykte ut til ulykkesstaden, i tillegg til fleire luftambulansar.

Ulykka skjedde i 17-tida. Riksveg 15 ved Grotlivatnet blir halden stengt utover kvelden.

(©NPK)