Nye prøver stadfestar funn av Campylobacter i drikkevatnet på Askøy

Askøy kommune har fått svar på nye prøver av drikkevatnet. Prøvene stadfestar funn av bakterien Campylobacter.
innenriks

Bakterien er den same som tidlegare har vorte påvist hos mange av pasientane som har vore innlagde på Haukeland universitetssjukehus, skriv VG.

Funnet på tysdag kjem frå prøver som vart tatt av drikkevatnet fredag. Av dei sju punkta kommunen testa, gav fire positive svar.

– Det er område der det har vore ganske alvorlege tilfelle. Så dette stadfestar berre at den tarmbakterien har vore i vatnet vårt, seier varaordførar Bård Espelid til VG.

Campolybacter er ein bakterie som kan gi mage- og tarminfeksjon. Før helga konstaterte Haukeland universitetssjukehus at tarmbakterien var påvist i avføringa hos dei aller fleste som var innlagde.

– Genetisk identiske

Dei seks første pasientprøvene frå sjukdomsutbrotet på Askøy er genetisk identiske, noko som inneber at dei kjem frå den same smittekjelda, opplyser sjukehuset.

– Mikrobiologisk avdeling ved Haukeland har no gjort ein ytterlegare analyse av dei første seks pasientprøvene frå Askøy-utbrotet, og desse er genetisk identiske. Det betyr at dei kjem frå same smittekjelde, seier seksjonsoverlege Øyvind Kommedal ved mikrobiologisk avdeling.


Folkehelseinstituttet vil få oversendt desse resultata. Hittil har mikrobiologisk avdeling analysert 36 prøver frå innlagde pasientar. Campylobacter er påvist i alle, ifølgje Kommedal.

Sju nye innleggingar

Det har vore sju nye innleggingar ved Haukeland det siste døgnet etter epidemien på Askøy, opplyste sjukehuset tysdag.

To av dei innlagde er barn, medan fem av dei er vaksne. Ingen av pasientane er kritisk sjuke, og sjukehuset opplyser at dei har god kontroll på situasjonen.

Tysdag morgon var det 15 innlagde pasientar frå Askøy på sjukehuset, 14 vaksne og eitt barn. Totalt har 63 personar frå Askøy hittil vore innlagt på sjukehuset, 47 vaksne og 15 barn.

E. coli påvist

Etter at fleire hundre innbyggjarar på Askøy førre veke vart sjuke med omgangssjuke, vart det fredag påvist høge konsentrasjonar av E. coli-bakteriar i høgdebassenget i Øvre Kleppe i kommunen.

Måndag opplyste kommunen at dei ikkje har funne E. coli i leidningsnettet. Men vatnet er ikkje friskmeld, og kokepåbodet var framleis gjeldande.

Rundt 2.000 personar har truleg vorte sjuke som følgje av drikkevatnet i kommunen. Varaordførar Bård Espelid opplyste måndag at intensiteten i epidemien framleis er like høg som tidlegare, og at det framleis er fleire nye smittetilfelle.

Onsdag døydde ein eitt år gammal gut frå Askøy, men det er ukjent om det var på grunn av Campolybacter-utbrotet. Det er førebels ikkje kjent kva som var dødsårsaka.

(©NPK)