Mogleg streik kan ramme departement og Oslomet

Viss YS Stat ikkje blir samd med motparten Kommunal- og moderniseringsdepartementet om ein avtale for dei statstilsette, blir det streik i staten.
innenriks

Meklinga i lønnsoppgjeret for statstilsette startar 22. mai hos Riksmeklaren. Fristen er midnatt dagen etter. YS Stat tar i første omgang ut 250 medlemmer i departementa og ved Oslomet i ein eventuell streik.

– I første fase av ein eventuell streik ønsker vi å ramme tredjeparten minst mogleg, men det er klart at ein eventuell streik ved Oslomet kan få konsekvensar òg for studentane, seier YS Stats leiar Pål N. Arnesen.

Streiken vil ta til frå arbeidstida startar 24. mai.

Ved opptrapping av ein eventuell streik blir det ytterlegare streikeuttak 27. og 28. mai, opplyser YS i ei pressemelding.

YS Stat er ei hovudsamanslutning og forhandlar på vegner av over 25.000 statlege medlemmer i ti YS-forbund, blant andre Befalets Fellesorganisasjon, Delta, Parat og Skolelederforbundet.

Unio varslar at 1.000 statstilsette er streikeklare dersom meklinga i staten ikkje fører fram innan fristen natt til 24. mai. Det gjeld mellom andre tilsette på universitet og høgskular, ulike grupper i politiet, skatterevisorar, bibliotekarar og Nav-tilsette.

Lærarar på ungdomstrinnet og i vidaregåande skular over heile landet står òg i fare for å bli tekne ut i streik om Unio og KS ikkje blir samde i lønsoppgjeret.

– Det er klart at ein eventuell streik vil merkast godt. Medlemmene våre gjer viktige samfunnsoppgåver, som etterforsking og undervisning. Ein konflikt vil til dømes kunne få konsekvensar for eksamen og sensur ved universiteta i Oslo, Bergen og Bodø, seier forhandlingsleiar i Unio stat, Guro Elisabeth Lind.

(©NPK)