Solberg: Det blir felles fødeavdeling i Molde når det nye sjukehuset der er klart

Statsminister Erna Solberg (H) seier til VG at fødeavdelingane i Kristiansund og Molde skal slåast saman sjølv om det no er vedtatt ei utsetjing.
innenriks

Styremøtet i Helse Møre og Romsdal vedtok onsdag å utsetje samanslåinga av fødeavdelingane i Kristiansund og Molde. Det opphavlege forslaget gjekk ut på at fødeavdelingane skulle slåast saman frå august.

Tidsplanen for utsetjinga er førebels usikker. Styret vil vurdere å komme med ein ny plan på neste møte, som er i juni.

– Det skal skje ei samanslåing når det nye Molde-sjukehuset er på plass. Men vi må sørge for at det fungerer godt før det, seier Solberg til VG i Paris onsdag ettermiddag.

Nye tonar frå Solberg

Leiaren i aksjonsgruppa Bunadsgeriljaen, Anja Solvik, meiner Solberg no uttaler seg på ein annan måte enn før.

– Vi registrerer det og tolkar det som noko positivt. Det ho opnar for, slik eg forstår det, er at ei samanslåing ikkje treng å skje før det nye sjukehuset er driftsklart, seier Solvik til NTB.

Ho noterer seg spesielt det Solberg seier om at fødetilbodet må fungere godt før ei eventuell samanslåing.

– Det verkar som Erna Solberg signaliserer at det kan finnast andre alternativ for å skape eit godt fagmiljø i det nye eventuelle fellessjukehuset enn å slå saman fødeavdelinga før tida, seier Solvik.

Bunadsgeriljaen har kravd ei utsetjing av samanslåinga fram til det nye sjukehuset er ferdig, og at fødeavdelinga i Kristiansund skal halde fram.

Seigpining

Solvik meiner helseføretaket driv med seigpining.

– Slik vi ser det, har dei hatt god tid til å sjå på saka og kunne tatt ei avgjerd om å la føden vere i fred, seier ho til NTB.

Det nye sjukehuset i Molde skal etter planen stå ferdig i 2023.

Ifølgje Solberg vil utsetjinga altså gjelde til sjukehuset er ferdig, men då vil avdelingane bli slått saman, og Kristiansund mistar tilbodet sitt.

Følgjer med

Helseminister Bent Høie (H) hadde allereie signalisert før møtet at han følgjer med på prosessen som har skapt stor uro og protestar i regionen.

– Eg synest det var klokt av styret i Helse Møre og Romsdal å oppheve vedtaket om samanslåing av fødeavdelingane i august, seier helseminister Bent Høie (H) som lovar å følgje med vidare på saka og dei avgjerdene som blir tatte.

Solberg avviser overfor VG at prosessen har vore politisk styrt.

– Nei, dette baserer seg ikkje på ei politisk oppfordring frå regjeringa, seier ho til avisa.

Går gjennom fakta

Styret i det regionale helseføretaket har vedtatt ein prosess vidare der dei skal gå gjennom det som var faktagrunnlaget for den førre avgjerda om nedlegging. Så skal det førebuast ei meir heilskapleg sak om spørsmålet.

I slutten av mars kom beskjeden om at Helse Møre og Romsdal ville legge ned fødeavdelinga i Kristiansund, og at fødetilbodet i staden skal leggast til Molde. Det sette sinna i kok på Nordmøre. Det opphavlege forslaget gjekk ut på at fødeavdelingane skulle slåast saman allereie frå august i år.

Bygginga av det nye sjukehuset på Hjelset i Molde skal etter planen starte neste år, og sjukehuset skal etter planen ha full drift frå 1. mai 2024.