Guri Melby: – Vi kan ikkje la Kina diktere kva klede folkevalde får gå med

Stortingsrepresentant Guri Melby (V) vart beden om å ta av seg ei gul T-skjorte med påskrifta «Frihet», då den kinesiske delegasjonen kom til Stortinget onsdag.
innenriks

Med stort tryggingsoppbod kom Kinas tredje mektigaste mann, Li Zhanshu, til Stortinget. Leiaren av den kinesiske Folkekongressen vart møtt av taktfaste rop frå menneskerettsaktivistar i lydkrig med støttespelarar.

Demonstrantane ropte «skam over Kina» og «menneskerettar no», og jobba hardt med å overdøyve støttespelarane til den mektige kinesaren i den ukjende kinesiske handelsorganisasjonen «Norway-Wenzhou Chamber of Commerce».

Organisasjonen stod nærast inngangen til Stortinget med trommer og store flagg som skjerma for demonstrantane.

Måtte ta av seg t-skjorte

På Løvebakken vart Li møtt av stortingspresident Tone W. Trøen (H). Utanfor sperringane stod stortingsrepresentantane Petter Eide (SV) og Guri Melby med gule T-skjorter med påskrifta «frihet». Då Melby skulle inn på Stortinget igjen, vart ho beden om å ta av seg T-skjorta.

– Eg måtte ta av meg T-skjorta for å få komme inn på Løvebakken igjen. Vaktene ville ikkje at den kinesiske delegasjonen skulle sjå meg. Hadde eg ikkje hatt dårleg tid fordi eg skulle hente i barnehagen, hadde eg ikkje akseptert det, seier Melby, som vil ta episoden opp med Stortinget.

– Vi kan ikkje la kinesiske styresmakter diktere kven som skal demonstrere utanfor Stortinget, og i alle fall ikkje kva for klede norske folkevalde får gå med inne på Stortinget. Det er veldig spesielt, og noko eg kjem til å ta opp med Stortinget, held Melby fram.

Trøen: – Kjenner ikkje til hending

Kina blir kritisert av verdssamfunnet for ei rekke menneskerettsbrot, mellom anna for korleis dei behandlar den muslimske minoriteten uigurane.

Stortingspresident Tone Trøen beskriv samtalane med formann Li som konstruktive. Besøket fell saman med 17. mai, og stortingspresidenten fortel at i det høvet var det naturleg å snakke om den norske Grunnlova og viktige demokratiske prinsipp.

– Vi hadde ein open diskusjon om menneskerettar. Eg var tydeleg om at det er ein debatt i Noreg om menneskerettsspørsmål i Kina, seier Trøen til NTB.

Stortingspresidenten meiner at Noreg har mykje å vinne på eit breitt og langsiktig samarbeid med Kina, og at besøk og møte bidreg til betre kontakt og forståing.

– Guri Melby seier ho vart beden om å ta av seg T-skjorta før ho gjekk inn på Stortinget. Er Noregs forhold til Kina viktigare enn ytringsfridommen?

– Eg kjenner ikkje til den spesielle hendinga. Eg meiner at vi i dag har lagt til rette for at ulike stemmer og meiningar skal kunne synleggjerast og høyrast òg i samband med dette besøket.

– Ville stanse kritikk

Før besøket har Amnesty, Venstre og SV protestert mot det dei meiner var eit kupp av Eidsvolls plass under statsbesøket, sidan dei som fekk stå aller fremst er ei handelsforeining som er positiv til Kina. Ifølgje NRK søkte foreininga om plassen to veker før det vart kjent at Li skulle komme til Noreg.

Stortingsrepresentant Petter Eide (SV) meiner at Stortinget har føydd seg etter ønsket til kinesiske styresmakter, og at den kinesiske ambassaden må hatt ein finger med i spelet.

– Den ukjende kinesiske organisasjonen fekk godkjent demonstrasjonsløyvet sitt to veker før besøket var offentleg kjent i Noreg. Det les eg som at norske styresmakter, presidentskapet, har vorte med på eit opplegg for å hindre kritikk, seier Eide til NTB.

Dette avviser stortingspresidenten.

– I denne saka har vi følgt det regelverket som vi alltid har. Den første som søkjer om å få bruke Eidsvoll plass til ei markering, får det. Stortinget gjer inga siling, skjønnsvurdering eller vurdering av politisk bodskap, seier Trøen.






(©NPK)