Elvestuen vil ikkje snakke om avgifter på elbilar

Henrik Asheim i Høgre meiner elbilistane må vere med og betale rekninga for vegane. Tida er ikkje moden, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V).
innenriks

– Elbilen er ei suksesshistorie i Noreg. No må vi sikre at vi handterer henne rett, seier Elvestuen til NTB.

– Det avgjerande er at vi når dei klimamåla vi har sett oss, legg han til.

Elbilfordelane skal ikkje fjernast før målet om at dei utgjer 100 prosent av nybilsalet er nådde, lovar han. Det skal etter planen skje i 2025.

Høgre vil ha avgiftsdiskusjon

Henrik Asheim (H), som leiar finanskomiteen på Stortinget, tar på si side til orde for å byrje å diskutere eit nytt avgiftsregime for elbilar.

– Problemet er at politikken har verka så bra at vi no har 200.000 elbilar på vegane. Dei betaler ikkje avgifter, ikkje moms og mange stader ikkje bompengar, påpeikte Asheim på Politisk kvarter på NRK onsdag.

Det har medført at staten har tapt 3 milliardar kroner i skatte- og avgiftsinntekter. Og dess fleire elbilar på vegane, dess meir vil staten tape. Dette er berekraftig i lengda, meiner Asheim, som meiner for mykje av rekninga på vegar blir velta over på bensin- og dieselkøyrande bilistar.

Ei gruppe forskarar frå Forskingssenteret til Nordisk ministerråd Nordregio kom tysdag med eit klart råd til norske styresmakter om å redusere subsidieringa av elbilar, mellom anna for å få fleire over på kollektivtransport.

Vegprising alternativ

– Vi bør førebu oss no på at i 2025 så skal dette forhandlast om uansett. Då må vi vere tidleg ute med å vedta dei endringane som trengst, slik at folk er førebudde, meiner han.

I Granavolden-erklæringa har dei fire regjeringspartia vorte samde om ikkje å røre elbilfordelane før i 2021. Men allereie før stortingsvalet bør regjeringa ha vorte samde om eit nytt avgiftssystem, meiner Asheim. Han synest vegprising er eit godt alternativ.

– Det betyr at du framleis ikkje betaler avgifter for elbilar, men for bruk av veg, seier han.

– Alle parti må ha nokre svar til veljarane i 2021 på kor vi meiner at dette systemet skal vere i 2025, meiner Asheim.

– Inga semje

Elvestuen er på si side krystallklar på at tida for slike diskusjonar langt frå er moden.

– Det er inga semje i regjeringa om vegprising. Vi skal ikkje gjere nokon feil no. Politikken verkar, og han verkar raskare enn nokon hadde forventa, seier han og peikar samtidig på at tapa på statsbudsjettet må kunne dekkast inn på andre postar.

– Fryktar du at elbil-trenden vil snu dersom ein byrjar å diskutere avgifter?

– Vi skal ikkje gjere nokon endringar som stoppar det skifta vi ser no, slår Elvestuen fast.

Han medgir òg at han fekk ein klump i magen då han las nyheita tysdag om at CO2-nivåa i atmosfæren aldri har vore målt høgare enn no.

– Det er krise, slår klimaministeren fast.

(©NPK)