Demonstrasjonar mot oljeleiting i Australia utanfor Equinors generalforsamling

Både norske og australske miljøvernarar var på plass utanfor generalforsamlinga til Equinor for å seie meininga si om planane om oljeboring i Australbukta.
innenriks

Demonstrantane på Forus stilte med bilde av fisk og sjødyr, og dessutan store banner med beskjed til selskapet om at dei bør la olje og gass liggje der det er utanfor Australia.

I juni 2017 vart Equinor operatør for og heileigar av to leitelisensar i Australbukta. Ved årsskiftet 2020/2021 skal boringa etter olje og gass starte, men først må dei få godkjent miljøplanen sin av det australske Petroleumstilsynet NOPSEMA.

Surfarar i Australia har demonstrert på strendene mot planane.



(©NPK)