«Spionkvalen» bør fôrast, meiner havforskarar

Havforskingsinstituttet tilrår at den såkalla spionkvalen i Hammerfest blir fôra dersom han ikkje tar til seg mat på eiga hand.
innenriks

Sist veke bestilte Fiskeridirektoratet råd frå instituttet om kva som bør blir gjort med kvitkvalen, som i april vart oppdaga utanfor kysten av Finnmark, skriv Havforskingsinstituttet.

Det har versert ulike meiningar om kvalen faktisk er i stand til å få i seg mat på eiga hand. Instituttet meiner at hjelpeplikta som er heimla i Dyrevelferdslova gjer at kvalen bør fôrast «etter et fagleg basert regime». Dei meiner at det òg bør vurderast å overføre kvalen til ein stad som er eigna til hald av kvitkval, noko det ikkje finst fasilitetar for her til lands.

– Dersom denne kvalen kjem frå ein fasilitet i Russland nær grensa til Noreg, ville den beste og raskaste løysinga vore om dyret vart ført tilbake dit. Det ville vore den kortaste vegen, heiter det i brevet frå Havforskingsinstituttet.

Blir tatt vare på av kommunen

Fiskeridirektoratet seier dei er i dialog med Hammerfest kommune om at kommunen kan ta vare på den tamme kvitkvalen i hamnebassenget i byen. Dei seier seg òg samde i tilrådinga frå Havforskingsinstitutt om å fôre kvalen.

– Men det må skje på ein planlagt og ltilrettelagt måte, og vi oppfattar at det er det Hammerfest kommune no vil legge opp til, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord.

Fiskeridirektoratet meiner likevel ikkje det vil vere formålstenleg å flytte kvalen, trass i tilrådinga frå Havforskingsinsituttt.

Sosiale Hvaldimir

Kvalen, som av lokalbefolkninga har fått namnet «Hvaldimir», har vist ei særs tam åtferd, og har i stor grad søkt kontakt med menneske.

Tidlegare denne månaden henta kvalen ein mobiltelefon opp frå havbotnen, då ei ung jente hadde mista han i vatnet.

Det har versert fleire teoriar om bakgrunnen til kvalen. Ein av teoriane har vore at kvalen kom frå den russiske marinen, sidan han vart observert med ein sele. Ifølgje Fiskeribladet kan kvalen ha rømt frå eit russisk terapianlegg nær den norske grensa, der han kan ha vore brukt til terapi for vanskelegstilte barn.

(©NPK)