Trønderar og Oslo-folk mest ivrige på ski

Nordmenn går framleis mykje på ski, men dei siste åra har det vorte mindre populært – særleg langrenn. Trønderar og folk i Oslo-området er ivrigast i sporet.
innenriks

Statistisk sentralbyrå (SSB) har samanlikna tal frå 2011, 2014 og 2017. Desse er henta frå Levekårsundersøkelsen, som mellom anna kartlegg dei føretrekte fritidsaktivitetane til nordmenn.

– Skiturar på under tre timar er framleis den mest populære skiaktiviteten, men delen som svarte at dei gjekk minst éin kort skitur i løpet av det siste året, har gått ned frå 42 prosent i 2011 til 34 prosent i 2017, fortel Kristina Strand Støren i seksjon for inntekts- og levekårsstatistikk hjå SSB.

Også ned for lengre turar

For lengre skiturar på over tre timar har delen gått ned frå 29 til 23 prosent frå 2011 til 2017. Færre køyrer ògså alpint, snowboard og telemark, men her er nedgangen svakare – beskjedne 3 prosentpoeng til 21 prosent.

Det er spesielt blant dei unge på 16–24 år at populariteten minkar. Der har deltakinga i kortare skiturar sokke frå 44 prosent i 2011 til 32 prosent i 2017. Delen som har vore i slalåmbakken, har sokke frå 50 til 39 prosent i same periode. Berre éin vinteraktivitet har vorte litt meir populær dei siste åra: alpint, snowboard og telemark blant både kvinner og menn mellom 45 og 66 år.

Utdanning speler inn

Dei ivrigaste skiløparane bur i Oslo, Akershus og Trøndelag. Tala viser òg at dei med høgare utdanning går meir på ski.

Data frå Meteorologisk institutt viser at vinteren 2010/2011 jamt over var meir snørik enn i dei førre åra, noko som kan bety at det var ekstra mange som tok seg ein skitur denne sesongen.

SSB har undersøkt om dei som har droppa skiturane, har gått over på andre aktivitetar i staden.

– Nedgangen i skigåing ser ikkje ut til å samanfalle med ei auke i andre aktivitetar. Dei av oss som er aktive, deltek i mange ulike aktivitetar i løpet av eit år, så ein har kanskje ikkje behov for å kompensere med noko anna om ein droppar skia, seier Kristina Strand Støren.


(©NPK)