Senterpartiet vil tillate jakt på kongeørn

Senterpartiet vil gjere det mogleg å felle kongeørn før han gjer skade. MDG kritiserer forslaget.
innenriks

Fem Senterparti-representantar fremma før påske eit nytt forslag på Stortinget om rovdyr. Ni punkt som partiet har vedtatt, legg opp til ei meir effektiv jakt på rovdyr, skriv Nationen.

Eitt av rovdyra det gjeld, er kongeørn. Partiet vil endre rovviltforskrifta slik at det blir gitt ei generell opning i heile landet for felling av kongeørn forut for skade, skriv avisa.

I forslaget skriv partiet at felling av kongeørn skal vere lov «uten at det foreligger en akutt skadesituasjon, såfremt det foreligger fare for større skade».

Stortingsrepresentant Sandra Borch seier ein kan jakte ørn i område der det har vore dokumentert stor skade over fleire år, særleg i kalvingsområde, men også enkelte andre stader.

– Dette er jo det mørkaste mørket frå Senterpartiet. Å gå laus på kongeørna, som over lang tid har vore freda, som Noreg er forplikta til å ta vare på, og som allereie er under press fordi menneske forstyrrar leveområda, synest eg er direkte naturfiendtleg, seier stortingsrepresentant Une Bastholm (MDG) til avisa.

(©NPK)