Røde Kors lanserer nye byvitreglar

16 prosent av befolkninga seier dei er einsame, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Det vil Røde Kors gjere noko med.
innenriks

– For mange blir påsken ekstra stille og vond dersom ein er plaga med einsemd eller ikkje føler seg sosialt inkludert.

Det seier generalsekretær Bernt G. Apeland i Røde Kors. 16 prosent av befolkninga seier at dei er einsame, medan talet er noko høgare for personar over 67, viser tal frå SSB.

Derfor vel Røde Kors no å lansere dei nye byvitreglane, som gir nokre gode råd i arbeidet med å skape eit varmare samfunn.

Totalt ni punkt står på byvitreglane, som mellom anna omhandlar å vere open for at nokon har det vanskeleg. «Gjenkjenn ensomhet og tør å ta kontakt», «Tør å ta kontakt om du har det vanskelig» og «Tilpass aktivitetene slik at alle kan bli med», seier nokre av dei andre byvitreglane.

– Ta deg tid til ein ekstra telefon eller kaffikopp med nokon du veit er einsame eller det er lenge sidan du har snakka med, held Apeland fram.

Apeland oppfordrar folk til å ta kontakt med venner, kjenningar, naboar eller kollegaer dei veit ville sett ekstra pris på ein telefon eller kaféinvitasjon i feriedagane.

(©NPK)