PST langt under kravet for nynorsk

Politiets tryggingsteneste (PST) gjekk frå 28,6 prosent nynorsk i 2017 til 1,6 prosent i 2018. Skuffande, meiner Språkrådet – og PST beklagar.
innenriks

PST var i 2018 ikkje i nærleiken av å oppfylle kravet til mållova om språknøytralitet og minst 25 prosent av kvar av målformene, melder NRK.

– Eg synest det er synd, for dei var så gode til å oppfylle mållova i 2017 at vi no trudde det var etablert eit godt system for målveksling i PST, seier direktør Åse Wetås i Språkrådet.

Seniorrådgivar Annett Aamodt i PST seier at situasjonen er beklageleg.

– No er det slik at vi prioriterer dei meste alvorlege truslane mot sikkerheita i landet, men som alle andre statlege organ må vi òg følgje mållova. Her må vi berre ta tak, for prosentdelen for bruk av nynorsk er no dramatisk liten, seier ho.

(©NPK)