Noreg heilt i toppen i bruk av offentlege nett-tenester

Det siste året har heile ni av ti nordmenn har hatt kontakt med det offentlege via internett.. Digitaliseringsministeren vil ha med endå fleire – særleg eldre.
innenriks

Ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB) har få andre land i Europa tilsvarande bruk av offentlege nett-tenester. Det har vore ein jamn auke i befolkninga i alderen 16 til 79 år sidan 2009.

Ulike tenester

Tenestene det dreier seg om, er å skaffe seg informasjon frå offentlege nettsider, å laste ned offentlege skjema eller å sende inn utfylte skjema digitalt til det offentlege. I 2018 nytta 88 prosent av nordmenn mellom 16 og 79 år minst éin av dei tre nett-tenestene. Dette er ein auke frå 72 prosent i 2009 og opp frå 83 prosent i 2017.

Størst del brukarar av offentlege nett-tenester er det i dei midtre aldersgruppene, der personar mellom 45 og 54 år er dei flittigaste. Her har 95 prosent nytta minst éin av dei tre tenestene. Den lågaste delen finn vi – kanskje ikkje overraskande – i den eldste aldersgruppa, 75–79 år, der dei tilsvarande tala berre er 38 prosent.

– Gode digitale evner

Digitaliseringsminister Nikolai Astrup (H) synest dei høge brukstala er gledelege, men han ser òg ei moglegheit for å få endå fleire til å ta i bruk dei meir avanserte tenestene.

– Det er veldig gledeleg å sjå at Noreg er i europatoppen når det gjeld bruk av offentlege nett-tenester, og ikkje minst at stadig fleire tar i bruk offentlege tenester på nett. Eg trur dei gode tala heng saman med at befolkninga har gode digitale evner og at dei offentlege tenestene på nett held høg kvalitet, seier han til NTB.

Astrup varslar at han vil jobbe for å auke kvaliteten på tenestene, gjere dei meir saumlause på tvers av forvaltingsorgan og legge til rette for at fleire – særleg eldre – får opplæring i bruk av digitale verktøy.


(©NPK)