Nær 250 personar vart nekta pass i fjor

Nær 250 personar vart nekta norsk pass av politiet i 2018. Fleire av avslaga gjaldt frykt for at søkaren kunne stikke av frå fengselsstraff.
innenriks

Av dei som fekk avslag på sin passøknad i fjor, klaga 63 personar på vedtaket til Politidirektoratet, skriv Dagsavisen. Avisa har henta tala frå dei tolv politidistrikta i landet og direktoratet.

Øst politidistrikt avviste 89 passøknader i fjor. Talet for Oslo politidistrikt er 40, for politiet i Sørvest er talet 38 og for Troms gjaldt dette 31 søknader.

Ni av avslaga til Øst politidistrikt gjaldt at søkaren skal sone ei fengselsstraff «eller annen lovhjemlet beslutning (...) som pålegger frihetsberøvelse». Dette er òg den vanlegaste årsaka til at folk ikkje får medhald i klagar på avslag.

To av klagene politidirektoratet ikkje gav medhald til fjor, gjaldt frykt for overgrep mot barn i utlandet.

I tillegg til politiet kan òg norske utanriksstasjonar skrive ut pass. Det er usikkert kor mange desse har nekta pass, skriv avisa.

(©NPK)