Kamp mot alkohol ikkje nemnt i KrFs nye program

Alkohol blir ikkje nemnt med eitt ord i det lokalpolitiske manifestet som KrF skal vedta under landsmøtet over påske. Organisasjonen Actis er skuffa.
innenriks

Ifølgje Vårt Land har utkastet passert KrFs landsstyre utan reaksjonar. Arbeidet er leidd av Ingelin Noresjø, som seier det er eit «godt spørsmål» kvifor ikkje alkohol er nemnt, men strekar under at poenget ikkje har vore å lage eit sentralt styrt program.

– Det er ikkje alle område i politikken som har fått plass. Det var avsett tre veker til å arbeide fram manifestet. At alkohol ikkje er med, var ikkje noko bevisst val. KrFs gode, restriktive alkoholpolitikk ligg sjølvsagt fast, sjølv om det ikkje er spesifikt nemnt. I formuleringane rundt å skape ein trygg oppvekst for barn og unge ligg dette implisitt, seier Noresjø.

Generalsekretær Pernille Huseby i Actis, ein paraplyorganisasjon for rusfeltet, kallar det som skuffande og tankevekkjande at alkohol ikkje er vigd noko eige punkt.

– KrF er eit parti som over tid har løfta fram alkohol- og ruspolitikk. Partiet har vore motvekt når ein lokalt skulle balansere mellom nærings- og folkehelseinteresser til dømes i behandling av skjenkesaker, og der er pressa frå næringsinteressene ofte stort. Derfor forventa vi at alkoholpolitikken hadde ein plass i eit slikt politisk dokument, seier ho.

(©NPK)