Gras- og lyngbrannar ei rekke stader

Brannmannskap frå Agder i sør til Nordland i nord måtte tysdag rykke ut for å sløkke gras-, lyng- og bråtebrannar.
innenriks

I Tysvær byrja det å brenne i 12-tida tysdag, i området ved Narravik.

– Vi har ganske bra kontroll med mannskap på plass. Det er ikkje nokon fare for hytter eller hus, og vi har heller ikkje fått tilbakemelding på kva årsaka er, opplyste vaktleiar i Rogaland brannvesen Bjørn Tollefsen til NTB i 13-tida.

Ifølgje Stavanger Aftenblad brann det tysdag tre stader i Lund og Sokndal i Rogaland. To av dei var under kontroll, men ein brann i ulendt terreng i Kondalsheia var ikkje det. Der sette brannvesenet inn dronar for å kunne følgje utviklinga.

Tysdag ettermiddag rykte brannvesenet i Kvinesdal ut då ein grunneigar mista kontrollen då vedkommande skulle svi av eit område på Feda. Det opplyser 110-sentralen i Agder. Brannvesenet i Flekkefjord måtte tidlegare tysdag rykke ut til ein grasbrann ved Sira.

I Trøndelag var det tysdag ettermiddag utrykkingar til gras- og lyngbrannar i Steinkjer og Namdal, ifølgje politiet.

I Hemsedal vart det meldt om ein brann i ein tomannsbustad i sentrum. Ingen personar var i huset då brannen oppstod.

Også i hovudstaden har det vore ein mindre grasbrann i Groruddalen.

– Det har vore ein mindre grasbrann på staden. Sløkt og under kontroll no. Hugs at det er generelt bålforbod no frå 15. april. Vi oppmodar alle til å vere varsame ved grilling i påska. Det er tørt i terrenget, tvitra Oslo-politiet.

(©NPK)