Frp i Oslo vil opprette integreringsetat

Frp i Oslo vil opprette ein integreringsetat som skal følgje opp innvandrarfamiliar tettare og samkøyre ulike tiltak.
innenriks

– Utfordringane med gjengkriminalitet blant innvandrarungdom er veksande. Vi må gjere ein større innsats for barn som blir fødde i Oslo. Vi må lage ein politikk slik at barn som blir fødde i Oslo, kan norsk når dei byrjar på skulen, seier Carl I. Hagen til Dagbladet.

Den tidlegare Frp-leiaren har saman med førstekandidaten i partiet, Aina Stenersen, fremma eit forslag i Oslo bystyre om ein eigen integreringsetat. Dei meiner politikken som har vore ført, ikkje har gitt gode nok resultat.

Nye tal frå SSB viser at etniske nordmenn flyttar frå bydelar i Oslo med mange innvandrarar, skreiv Dagbladet måndag. Statistikken er laga av SSB på oppdrag frå Frps stortingsgruppe. Flyttestraumen for dei med norsk bakgrunn går to vegar: Frå bydelane med høg innvandrardel til sentrumsnære bydelar – eller ut av Oslo.

Byrådsleiar Raymond Johansen (Ap) støttar ikkje forslaget til Frp.

– Ein eigen integreringsetat sentralt i kommunen vil trekke desse ressursane vekk frå det dagleglivet der integreringa skal skje. Derfor støttar eg ikkje forslaget, seier Johansen.

(©NPK)