Ferje har grunnstøytt i Rogaland

Ferja Foldøy grunnstøytte måndag kveld og er lagt til kai på Judaberg i Finnøy kommune. Ingen vart skadde i hendinga.
innenriks

Ferja grunnstøytte rundt klokka 21.30 måndag kveld.

– Ferja var ute av kurs og kom i kontakt med havbotnen. Eg veit ikkje kor store skadar ferja fekk, seier operasjonsleiar Brit Randulff i Sørvest politidistrikt til NTB klokka 1.45 natt til tysdag.

Operasjonsleiaren seier ho ikkje kjenner til kor ferja var på veg eller kva som er årsaka.

– Vi har avhøyrt kapteinen. Det er tatt promilleprøver av mannskapet på båten. Dei var negative, så vi har ingen mistankar om promille, seier Randulff.

Saka vil bli etterforska frå Finnøy lensmannskontor.

(©NPK)