Røde Kors: Fem søk og 62 henteoppdrag så langt i påsken

Røde Kors priser seg lykkeleg over at det så langt i påsken ikkje er meldt om snøskred. – Ingen skred, er gode nyheiter, heiter det derfrå.
innenriks

I 17-tida måndag var det samla talet på Røde Kors-oppdrag så langt i påsken omtrent på det årlege gjennomsnittet som hjelpekorpsa har vorte vande med: 5 søk og 62 henteoppdrag.

Måndag gjennomførte organisasjonen 2 søk og 17 henteoppdrag.

– Godt vêr og liten skredfare ser ut til å kunne vere grunnen til at vi har hatt ein roleg start på påsken, seier landsrådsmedlem Rune Guldahl i Røde Kors Hjelpekorps.

(©NPK)