Noreg forlenger grensekontrollen med endå eit halvår

Noreg har informert EU om at Noreg vidarefører den indre grensekontrollen i ytterlegare seks månader frå og med 12. mai.
innenriks

Noreg følgjer dermed etter Danmark, Sverige, Tyskland og Austerrike, som alle har bestemt seg for å forlenge grensekontrollen frå same datoen.

Årsaka er frykt for terror og sjansane for at personar som har tatt seg inn i eit EU-land, skal kunne ta seg vidare til Noreg, såkalla sekundærmigrasjon.

– Den indre grensekontrollen er eit viktig tiltak i samband med dette, og det kan hindre moglege terroristar i å reise inn i Noreg. Vi vil derfor halde fram personkontrollen på den indre grensa også etter 11. mai, seier justis- og innvandringsminister Jøran Kallmyr (Frp).

Noreg har sidan 26. november 2015 gjennomført mellombels personkontroll på delar av den indre grensa.

(©NPK)