Mann skar hovudet av kvalp – dømt til 60 dagars fengsel

Ein mann er i Brønnøy tingrett dømt til 60 dagars fengsel for mellom anna å ha tatt livet av ein hundekvalp ved å skjere hovudet av han med kniv.
innenriks

Tiltalte vedgjekk straffskuld då saka gjekk for retten nyleg. Han hevda at han trudde kvalpen hadde fått i seg noko han ikkje tolte, og sa at han avliva han for å få slutt på lidingane. Retten festa absolutt inga lit til forklaringa, ifølgje Brønnøysunds Avis.

– Måten, slik har er beskriven, høyrest verre ut enn han var. Eg la hunden på hoggestabben og brukte ein stor samekniv. Det tok mindre enn to sekund, og så var det over. Men det var ei forferdeleg feilvurdering, sa mannen då han forklarte seg.

Derimot har retten lagt vekt på forklaringa ekskjærasten til mannen har gitt. Ho meinte at tiltalte var aggressiv og ustabil då han hogg hovudet av kvalpen. Ein obduksjon av hunden viste dessutan ingen spor av legemiddel som kunne ha gjort hunden sjuk.

Dommen på 60 dagars fengsel gjeld òg skadeverk, bruk av eit dopingpreparat og innehav av ein batangakniv. Mannen har anka straffeutmålinga. Forsvararen meiner at samfunnsstraff er ein riktigare reaksjonsform enn fengsel.

(©NPK)