Katteeigar brente død katt

Katten som før helga vart funnen brent i eit bål i Brumunddal, var død før han vart lagt på bålet. Etterforskinga viser at det var eigaren som stod bak.
innenriks

Kattefunnet fredag vekte oppsikt, og Innlandet politidistrikt valde å etterforske saka.

No kan politiet konkludere med at det var katteeigaren sjølv som valde ein litt uvanleg måte å kvitte seg med den døde katten sin på.

– Politiet har funne fram til eigaren av katten, og vedkommande opplyser at katten døydde av naturlege årsaker. Katten var dermed død då han vart brent, og det var eigaren sjølv som brente katten. Saka blir avslutta på denne bakgrunnen hos politiet, opplyser politifullmektig Nina Helmersen Østvold i ei pressemelding.

(©NPK)