Grasbrann ved bustadområde i Rogaland sløkt

Grasbrannen på Lyefjell i Time kommune i Rogaland er no sløkt. Brannen kan ha starta som følgje av arbeid på staden.
innenriks

– Det blir no meldt at brannen er sløkt. Brannvesenet kjem til å vere på staden ei stund framover for å kontrollere, skriv politiet på Twitter.

Det blir vidare opplyst at politiet gjer avhøyr og opprettar sak, ettersom det kan sjå ut til at brannen har starta som følgje av arbeid på staden.

Nødetatane fekk melding om grasbrannen klokka 16.44.

– Det brenn ganske godt i nærleiken av husa, opplyste vaktleiar Bjørn Thollefsen i Sørvest 110-sentral til NTB.

Ifølgje politiet var det snakk om opne flammar om lag 30 meter frå det næraste huset, og huseigaren hjelpte til i sløkkinga. Fire hus vart evakuerte.

(©NPK)