Evakuering på Svalbard på grunn av auka snøskredfare

Auka snøskredfare fører til at Sysselmannen på Svalbard har vedtatt å evakuere Gruvelageret og området Sverdrupbyen i Longyearbyen.
innenriks

Sysselmannen følgjer òg situasjonen i Nybyen nøye og oppmodar folk til å ikkje å gå i fjellsidene over husa, fortel NRK.

Tysdag aukar snøskredfaren for Nordenskiöld Land på Svalbard frå moderat til betydeleg, ifølgje snøskredvarslingstenesta varsam.no. Nysnø og vind fører til at kjem ferske nysnøflak i fjellsidene som vender mot nordaust, og folk blir bedt om å unngå bratte heng og terrengfeller under og etter snøfallet til nysnøen har stabilisert seg.

Denne vintersesongen har elleve personar mista livet i snøskred i Noreg. Det er fleire enn dei tre siste vintrane til saman, og berre éin gong tidlegare sidan tusenårsskiftet har talet vore så høgt.

(©NPK)