Vekst for TV 2

Fleire vil betale for TV 2s innhald. Mediehuset fekk eit resultat før skatt på 363 millionar kroner i 2018. Ein auke på 8,3 prosent frå året før.
innenriks

TV 2 hadde i fjor ei omsetning på nesten 4,5 milliardar kroner. Ein auke på 5,1 prosent frå 2017. Driftsresultatet auka frå 329 millionar kroner i 2017 til 391 millionar i 2018.

– Omsetningsveksten kjem i all hovudsak av at fleire vil ha tilgang til TV 2s innhald og at vi mellom anna veks på brukarbetaling, seier sjefredaktør og administrerande direktør Olav T. Sandnes.

Han viser til at talet på abonnement på TV 2 Sumo har vakse betrakteleg.

TV 2 melder at inntektene frå reklamemarknaden er relativt stabile som følgje av auka digital satsing.

Kostnadene auka i fjor, i hovudsak på grunn av Fotball-VM og kjøp av nye internasjonale fotballrettar.

Med ny allmennkringkastaravtale med staten vil TV 2 auke satsinga på nyheiter, og dermed vil også kostnadene fortsetje å auke i 2019.

– Vi aukar spesielt satsinga innanfor nyheiter ved hovudkontoret vårt i Bergen. Det kostar pengar, men er ei investering vi har ønskt å gjere, fordi det er ein så viktig del av samfunnsoppdraget vårt, seier Sandnes.

TV 2 er ein del av Egmont som også leverte årsresultat fredag. Egmont-konsernet fekk eit resultat før skatt på 781 millionar kroner – ein oppgang frå 729 millionar året før. Omsetninga til konsernet auka med over 1,2 milliardar kroner til 15,4 milliardar.

(©NPK)