VG: Kunstnarar og teaterdirektør sikta etter framsyning

Oslo-politiet har sikta kunstnarane bak framsyninga «Ways of seeing» for å ha krenkt privatlivets fred etter at sambuaren til Wara melde framsyninga til politiet i desember, ifølgje VG.
innenriks

Sambuaren til justisminister Tor Mikkel Wara (Frp), Laila Anita Bertheussen, melde teateret til politiet 18. desember.

I tillegg bad politiet ved politiadvokat Arne Valdemar Nielsen om godkjenning frå Oslo tingrett til å ransake heimane og kontora til både teaterdirektøren og dei tre kunstnarane i jakt på bevis, får VG opplyst.

Oslo tingrett avviste dette kravet same dag, men VG får opplyst at politiet valde å anke saka til Borgarting lagmannsrett. Lagmannsretten har så langt ikkje tatt noka avgjerd i saka.

Reagerer på siktinga

I framsyninga «Ways of seeing» viste kunstnarane fram videoopptak av huset til Wara og Bertheussen. Opptaka hadde dei gjort utan samtykke frå paret.

Advokaten til teaterdirektør Anne-Cecilie Sibue, Halvard Helle, reagerer sterkt på siktinga mot Sibue.

– Både siktinga og kravet om ransaking utgjer eit alvorleg angrep på ytringsfridommen og retten til respekt for privatlivet. Det har ikkje skjedd tidlegare i nyare norsk historie at politiet har sikta ein teatersjef og bedt om ransaking av teateret og heimen hennar. Framsyninga på Black Box er ikkje ei politisak og har aldri vore det, seier Helle.

Ber om vekklegging

Han har på vegner av teatersjefen bedt om at siktinga blir trekt, og at politiet legg bort saka.

– Det er uhaldbart å halde oppe ei slik sak. Eg har òg bedt politiet trekke anken. Det er eit alvorleg tankekors at påtalemakta er klar til å bruke tvangsmiddel mot frie kunstinstitusjonar, seier Helle.

Bertheussen er sikta for å ha dikta opp ei straffbar handling ved å setje fyr på bilen til familien natt til 10. mars. Mellom desember og mars vart det utført ei rekke hærverk og truande handlingar mot Wara og Bertheussens bustad og eigedom. Hendingane starta i kjølvatnet av teaterframsyningar på Black Box.

(©NPK)