Politiet legg ut 200.000 nye timar for passbestilling

For å fjerne passkøane på Austlandet blir det no opna for timebestilling 150 dagar fram i tid.
innenriks

Totalt blir det lagt ut nærare 200.000 timar for bestilling av pass fram mot sommaren, opplyser Politidirektoratet.

– Vi har i møte med politimeistrane i Aust, Søraust og Oslo politidistrikt vorte samde om å auke talet på timar og ressursar slik at situasjonen blir betra umiddelbart. Vi må i fellesskap jobbe for å dekke passbehovet i austlandsområdet, seier Ole B. Sæverud, leiar av politifagavdelinga i Politidirektoratet.

Dei tre politidistrikta har no tilsett til saman 30 nye medarbeidarar, både faste og vikarar. Nokre av desse er framleis under opplæring.

Politidirektoratet meiner dei tre politidistrikta dermed klarer å møte etterspørselen etter timar for bestilling av pass før sommarferien. I perioden frå mars til august i fjor vart det registrert omtrent 185.000 pass-søknader i desse distrikta.

Frå før var det mogleg å bestille time 90 dagar i forkant i dei tre distrikta der ventetida har vore lang. Sidan det viste seg å ikkje vere tilstrekkeleg, er det no opna for timebestilling 150 dagar fram i tid.

Det tar inntil ti dagar å få nytt pass. Politiet oppfordrar dei som må ha nytt pass før sommaren om å vente med å bestille time. Og dei som ikkje treng pass før sommarferie, blir bedne om å vente til august med å bestille time.

– Det vil bli lagt ut tilstrekkeleg tal timar til å dekke behovet framover, seier Sæverud.

(©NPK)