Norwegian kansellerer flygingar både laurdag og søndag

Norwegian har kansellert fire flygingar laurdag og sju søndag. Selskapet seier det er funne alternativ for dei aller fleste passasjerane som skal fly i helga.
innenriks

– Statusen no er at vi har funne alternativ for dei aller fleste som skal ut og reise med Norwegian i helga, seier kommunikasjonsansvarleg Tonje Næss til NTB.

Atten Norwegian-fly av typen Boeing 737 Max 8 er sette på bakken etter at eit Ethiopian Airlines-fly av same modellen styrta i Etiopia søndag. Ulykka kosta alle dei 157 om bord livet.

På råd frå dei europeiske luftfartsstyresmaktene tysdag valde Norwegian å setje alle dei 18 flya på bakken. Torsdag vart ti avgangar frå, til og i Noreg kansellerte, og fredag vart ni nye avgangar kansellerte.

Næss meiner flyselskapet har lykkast godt med å finne løysingar for passasjerane som blir ramma av endringar i flyprogrammet.

Ho opplyser at dei kontaktar alle passasjerar som blir ramma, direkte ved hjelp av tekstmeldingar, og oppmodar til å sjekke ruteinformasjonen til flyselskapet for informasjon om enkeltflygingar.

(©NPK)