Norske politikarar om terrorangrepet: Vondt, mørkt, trist

Statsminister Erna Solberg seier terrorangrepet i New Zealand viser kor viktig det internasjonale arbeidet mot ekstremisme er.
innenriks

– Det er ei påminning om at vi er nøydde til å slåst mot ekstremisme i alle former. Det dette ser ut som, er eit terrorangrep frå høgreekstreme mot innvandrarar og flyktningar, og sjølv om det er på andre sida av jordkloden, så er det ei sterk påminning om kor viktig det er for oss alle å bidra til at vi får ned spenningar, jobbar mot ekstremisme, og at vi at har solidaritet med kvarandre når noko sånt skjer, seier statsminister Erna Solberg (H) til NRK.

Den mistenkte posta eit manifest på nettet i samband med angrepet.

– Det gir dessverre assosiasjonar til ein situasjon i Noreg, som er noko av det verste i vår tid. Det viser at det internasjonale arbeidet mot ekstremisme er ekstremt viktig. Men først og fremst så sørgjer vi i dag over alle dei drepne og såra og ikkje minst gir solidaritet til familiane deira.

Rammar blindt

Fleire norske politikarar fordømte tidleg fredag morgon terrorangrepet mot to moskear på New Zealand.

– Vi må på det sterkaste fordømme terrorangrepet på uskuldige samla for fredeleg fredagsbønn i moskeen i New Zealand, seier Abid Raja (V).

– Alles tankar går til offera og familiane deira. Vi må kjempe mot alle typar ekstremisme, og ekstremismen rammar blindt og oss alle, skriv Raja.

Mørkt

Også næringsminister Torbjørn Røe Isaksen sender tankar og medkjensle til alle som er ramma.

– Eit terrorangrep på truande som går til fredagsbønn. Eit angrep på uskuldige berre fordi dei trur på Allah. Så mørkt, skriv Torbjørn Røe Isaksen på Twitter.

Knut Arild Hareide (KrF) skriv at det er vondt og uendeleg trist å vakne opp til nyheitene om terrorhendinga på New Zealand.

– Denne gongen er det uskuldige muslimar i ein moské som er ramma, skriv han og sender tankar og medkjensle til heile folket på New Zealand som opplever ein slik katastrofe.

(©NPK)