NRK: Bond-innspeling i Noreg i mars

Delar av innspelinga av den nye James Bond-filmen skal spelast inn i Noreg, nærmare bestemt Nittedal. Alt i slutten av mars kjem filmteamet, ifølgje NRK.
innenriks

Kanalen har fått innsyn i dokument frå Nittedal kommune som stadfestar at innspelinga skal skje i Nittedal frå 25. mars til 2. april.

Den aktuelle veka blir det innført eit mellombels flyforbod i området på grunn av at innspelinga mellom anna involverer helikopter som skal fly lågt i høg fart.

Rykta om ei norsk Bond-innspeling byrja å svirre førre månad etter at det vart kjent at det var snikra ei stor hytte på isen i myrkanten ved Langvann i Hakadal. Kort tid etter vart det stadfesta gjennom dokument frå kommunen at det skal spelast inn film ved den nybygde hytta.

«Bond 25» med Daniel Craig i hovudrolla får 47 millionar kroner i insentivtilskot for å legge innspelinga til Noreg. Filmen skal ifølgje filmnettstaden IMDB ha premiere i februar 2020 og er den 25. i rekka om Agent 007.

Det er førebels ikkje kjent om Craig er involvert i scenene som skal spelast inn i Noreg.


(©NPK)