Muslimar uroa over muslimhat etter moskéangrepet på New Zealand

Politiet sette inn tryggingstiltak rundt fleire moskear i Noreg etter New Zealand-angrepet. På Grønland i Oslo uroar muslimane seg over veksande muslimhat.
innenriks

I Oslo, Trondheim, Bergen og i Søraust politidistrikt sørgde politiet fredag for å setje ut mannskap ved moskeane. Politiet patruljerte i området rundt moskeane og arbeidde førebyggande.

Førebels er det meldt om 49 drepne etter at fleire personar angreip to moskear i byen Christchurch på New Zealand. Medan unge og gamle var samla til fredagsbønna, kom det inn ein mann i militærklede med ei halvautomatisk rifle i hendene.

– Ein blir jo redd

Talsperson Arshad Jamil i moskeen til Islamic Cultural Centres (ICC) på Grønland i Oslo fortel at moskeen auka tryggingstiltaka etter angrepet og hyra inn eit eksternt vaktselskap.

Moskeen på Grønland er den nest største i Oslo med rundt 4.500 medlemmer. Vanlegvis samlar mellom 1.200 og 1.500 personar seg til fredagsbønn her.

Talsperson Jamil fordømmer moskéangrepet og seier at folk har vore bekymra.

– Ein blir jo redd, så gjennomtenkt og planlagt som dette verkar. I tillegg skal han ha henta inspirasjon frå Anders Behring Breivik, seier han til NTB.

Fryktar fleire angrep

Gjerningsmannen blir omtalt som ein høgreekstremist og angrepet som det verste som nokon gong har vorte retta direkte mot muslimar i eit vestleg land.

I eit manifest som mannen bak New Zealand-terroren skal ha publisert, blir det hevda at han har vore i kontakt med Anders Behring Breivik, og at han er inspirert av nordmannen.

Talsperson Jamil er uroleg for at folk i andre delar av verda kan bli inspirerte også av dette angrepet – både høgreekstreme og såkalla ekstreme islamistar.

– Personleg tenker eg at dette angrepet ikkje er så koordinert at det kjem til å skje fleire stader fredag, men at det kan skje i framtida, seier han.

Auka vakthald

Abdul Wahab Najeed er ein av dei frivillige med gule vestar i moskeen denne fredagen. Han meiner angrepet på New Zealand viser at det er nokre stemningar i samfunnet som nører opp under muslimhatet.

– Vi såg etter 22. juli at den tøffe tonen endra seg, men etter nokre få veker var vi tilbake til det same. Eg håper at regjeringane i alle land no tar islamofobien på alvor.

Fredag skreiv Islamsk Råd Norge på Facebook-sida si at dei er i kontinuerleg kontakt med politiet etter angrepet, og Muslimsk Dialognettverk (MDN) har gått ut med ei oppmoding om å auke vakthaldet.

– Må ta muslimhat på alvor

Bystyremedlem i Oslo Nasir Ahmed (Ap), som òg var på plass under fredagsbønna i moskeen på Grønland, seier at frykta for eit angrep er noko alle kjenner på etter ein slik dag.

Han etterlyser «skikkelege tiltak» mot hatkriminalitet og synest den moglege Breivik-koplinga er skremmande.

– Aukande hatkriminalitet er ei stor utfordring som styresmaktene må ta på alvor, seier han til NTB.





(©NPK)