Mann sikta for å ha forgifta sjimpansen Julius med amfetamin i Dyreparken

Ein mann er sikta og har i avhøyr erkjent å ha forgifta sjimpansen Julius med amfetamin i februar.
innenriks

Mannen som er sikta, har ikkje lagt fram noko klart motiv for ugjerninga.

– Vedkommande erkjente forholdet i avhøyr torsdag kveld, der han beklaga hendinga overfor Dyreparken, seier fungerande seksjonsleiar Håkon Storesund for etterretning, etterforsking og arrest hos politiet i Kristiansand.

Den sikta har fått forbod mot kontakt med Dyreparken, noko han har samtykt i. Saka blir sett på som ferdig etterforska, og vil bli oversendt påtalemakta som skal vurdere ytterlegare reaksjonar mot mannen, skriv politiet i ei pressemelding.

Sjimpansen Julius vart alvorleg sjuk etter å ha drukke av ei plastflaske som vart kasta inn til han 21. februar. Den berømte sjimpansen gjekk inn i ein psykoseliknande tilstand der han mellom anna påførte seg sjølv alvorlege bitskadar i armen. Etter å ha fått behandling kom han etter kvart utanfor livsfare. Saka er politimeld.